Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

JSU i februar

JSU i februar

125 møtte på  januarmøte for å høyra Sigbjørn Reime sitt glimrande foredrag om Arne Garborg og Jæren!

Torsdag 20. februar kl. 11 i Time bibliotek:

Professor Ola Kvaløy: «Atferdsøkonomien kombinasjon av økonomi og psykologi.»

Ola Kvaløy er professor i samfunnsøkonomi ved UiS. Han forskar på insentiv, økonomisk atferd og økonomisk organisering. Nyare forsking syner at vi ofte kan gå i mentale feller når vi tek økonomiske avgjersler. Vi kan vera uvillege eller velvillege på førehand, vera kortsiktige og bomma på tilsynelatande enkel sannsynsrekning.

Forsking syner at vi ofte vert drivne av andre forhold enn dei reint økonomiske. Vi lar oss motivera av påskjønning og mislikar ulikskap. Forelesinga til Kvaløy vil kasta lys over dette forskingsfeltet som kombinerer økonomi og psykologi i studiet av økonomisk atferd.

Same dag kl. 13 er det årsmøte i JSU.

Bli medlem!

Arkiv