Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

JSU i mai

JSU i mai

120 frammøtte ville høyra om krigsdrama på Jæren som var tema i april.

Torsdag 30. mai kjem professor Wenche Frølich med foredraget “Sunn mat gir god livskvalitet”.

Wenche Frølich har vore professor i mat- og ernæringsvitskap ved Universitetet i Stavanger sidan 2001.

Ho er utdanna biokjemikar frå Universitetet i Oslo og har doktorgrad og dosentgrad i industriell er næring og matvarekjemi frrå Lunds Universitet i Sverige. Leiarutdanning frå Norges Handelshøgskole.

Weche Frølich har vore medlem i nærare 90 styre og komitèar nasjonalt og internasjonalt; mellom anna styreleiar i Forbrukarrådet, diverse styre i Norges Forskningsråd, Bioteknologinemnda, Statens Ernæringsråd, Vitenskapskomitèen for Mattrygghet, bedømmingskomitèar for ulike universitet i Austerrike og Sverige, og har i tillegg vore engasjert i ei rekke prosjekt og komitèar i EU.

Ho er ofte brukt av media i dialogar, debattar og som artikkelforfattar. I tillegg til mange vitskaplege artiklar, har Wenche Frølich skrive over 900 populærvitskaplege artiklar og er forfattar av 15 bøker.

Vi ser fram til å høyra henne snakka om samanhengen mellom mat og livskvalitet.

Bli medlem!

Arkiv