Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Kjell Olav Stangeland: Då gymnaset kom til Bryne

Kjell Olav Stangeland: Då gymnaset kom til Bryne

Torsdag 25. januar kl. 11.00:

Kjell Olav Stangeland: Då gymnaset kom til Bryne

I 2024 er det 100 år sidan den første klassen starta på Rogaland Landsgymnas på Bryne, det som seinare vart Rogaland off. landsgymnas, Bryne gymnas og Bryne vidaregåande skule. Dette var utslagsgjevande for at Bryne vart eit skulesenter og i dag har ein av landets største vidaregåande skular.

Det var målrørsla som var pådrivar for å få etablert landsgymnas både på Bryne og andre stader utanfor dei større byane. Men kvifor valde Rogaland Mållag akkurat Bryne når dei skulle starta eit landsgymnas i Rogaland? Kva betydning for Bryne fekk denne avgjerda?

Kjell Olav Stangeland (f.1948) er frå Bryne. Han var lærar i ungdomsskulen og deretter i 26 år tilsett i Jærbladet som journalist og i 2008-2013 ansvarleg redaktør. Stangeland har også vore dagleg leiar i Bryne FK og sit i Time kommunestyre. I 2021 gav han ut boka: «Frå utmark til by – historia om Bryne».

Foredraget er ein del av programmet for Garborgdagane.

Bli medlem!

Arkiv