Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Møte i mars – Merk dato!

Møte i mars – Merk dato!

Februarmøte
118 høyrde på På-Dag Line er nå godt oppdaterte når det gjeld organtransplantasjonar.

Marsmøte
Den 21. mars får JSU besøk av leiar i Jæren friluftsråd Bjørn Hille. Tittelen på foredraget er: Med Jæren friluftsråd – Ute heile året.

Bjørn Hille er kjent som ein frisk og særs inspirerande leiar av Jæren friluftsrådet

. I tillegg er han ein dyktig foredragshaldar. Han trivst godt på kontoret og endå betre ute i felten, anten det nå er på fjellgarden Mån ved Månafossen i Frafjord, på Brekko i Gjesdal, eller på friluftsfyret Kvassheim i Hå som er det siste nyoppussa tilbodet til publikum.

Bjørn Hille har leia Jæren friluftsråd sidan 2001
. Før den tid var han i ei årerekke kultursjef i Bjerkreim og deretter fritidssjef i Sandnes. Også der viste han godt att
. I tillegg bur det ei revystjerne i Bjørn Hille. Det har bjerkreimsbuane kunna gleda seg over i lokalrevyane sine.

I foredraget sitt vil han gjennom bilete og informasjon ta tilhøyrarane med på ei reise gjennom Jæren friluftsråd sitt tilbod for allmenta
.

 

Bli medlem!

Arkiv