Torsdag 28. september kl.11.00
I skrivande stund ligg det an til store endringar i styringa av norske kommunar og fylkeskommunar. Dei to regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet har svært mange ordførarposisjonar som kan ryka dersom tilbakegangen på meiningsmålingane held seg fram til valet. Høgre ligg derimot an til å vinna mange nye skansar.
Men det er langt fram, og fasiten får me ikkje før 11. september. Seinare den månaden får me besøk av NRK sin mangeårige politiske kommentator Magnus Takvam, som vil analysera kvifor det gjekk som det gjekk og sjå framover mot stortingsvalet om to år. Kva får resultatet å seia for regjeringa, og kva alliansar og skiljeliner kan me sjå for oss i ein situasjon der dei tradisjonelle blokkene er meir flytande enn før?
Magnus Takvam (f. 1952) er kjend for sine saklege og velfunderte politiske analysar. Etter at han gjekk av i NRK, skriv han for den nye politiske nettavisa altinget.no. Han har skrive bøkene Arbeiderpartiets fall (2002) og Hun skrev for å kunne leve (2021) om mora Marie Takvam.