105 frammøtte høyrde Ola Kvaløy sitt glimrande foredrag om atferdsøkonomi.
Neste forelesing er torsdag 27. mars kl. 11 i Time bibliotek.
Professor Hilde Sandvik: «Det nye norske demokratiet».
Hilde Sandvik er professor i historie ved UiO. Ho er ein leiande forskar på tema kring 1814, demokrati og folkestyre. Ho har leia forskingsprosjektet: Demokratisk teori – historisk praksis. Forutsetninger for folkestyre 1750-1850, og har delteke i prosjektet: 1814 – Grunnloven – historisk virkning og sosial forankring.
Hilde Sandvik si forelesing er JSU sitt bidrag til Grunnlovsjubilèet. 1814 innebar store endringar i det norske samfunnet. Noreg vart løyst frå unionen med Danmark, fekk Grunnlov, Storting og demokrati på nasjonalt plan. 1814 var eit tidsskilje i norsk historie. Vi fekk skulekommisjonar og forlikskommisjonar. Statsstyre høyrde i aukande grad på folkelege krav, fleire gonger synleggjorde gjennom bondeopptøyer, og i Rogaland. Men det tok meir enn 20 år før vi fekk innført regionalt og lokalt demokrati, og alminnelig stemmerett kom først i 1913.
Hilde Sandvik vil ta oss inn i det spennande feltet om forsking kring 1814 og det nye norske demokratiet.