Vel 100 høyrde professor Hilde Sandvik sitt innsiktsfulle foredrag om det nye norske demokratiet.
Torsdag 24. april vil professor Hild Sørby halda foredrag med tittelen: “Jærmaleriet og jærmalerne.” Som vanleg er møtet i Time bibliotek med start kl. 11.
Hild Sørby er kunsthistorikar og har skrive ei rekke bøker og artiklar, mellom anna: “Jærmaleriet, fra landskap til visjon.”
Dei første kunstnarane kom til Jæren i 1870-åra. Kitty L. Kjelland og Nicolay Ulfstein var dei første som fann landskapet interessant som motiv.
Hild Sørby vil presentera eit utval jærmålarar og leggja vekt på korleis landskapet vart oppfatta gjennom nokre epokar.