Andreas Skartveit samla 113 tilhøyrarar til si førelesing om ytringsfridom. Me fekk høyra eit strålande innlegg, logisk oppbygd med klare standpunkt.
Nå kjem Jan Inge Sørbø den 29. for å snakka om Alfred Hauge som Vestlandsforfattar. Det er i år 100-års jubileum for Hauge, og Sørbø vil sjå korleis Hauge brukar stoff frå Vestlandet og eigen bakgrunn i romanane sine. Sørbø kjem frå Bru i Rennesøy og er professor i litteratur ved høgskulen i Volda.