Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Møte med forfattaren Agnes Ravatn

Møte med forfattaren Agnes Ravatn

Torsdag 29. februar kl. 11.00

Ingar Sletten Kolloen har meldt forfall. I staden kjem forfattar Agnes Ravatn som vil samtale med Jan Zahl

Agnes Ravatn (f. 1983) frå Ølen er ein av våre fremste yngre forfattarar. Ho debuterte i 2007 med den kritikarroste romanen Veke 53. Seinare har ho skrive ei rekkje romanar, essaysamlingar og avisartiklar, der ho formidlar både spenning, undring, ironi og humor.

Høgdepunktet så langt er nok romanen Fugletribunalet frå 2013, som ho fekk P2-lyttarane sin romanpris for. Essaysamlinga Folkelesnad frå 2011, om norske vekeblad og magasin, vart nominert til Brageprisen det året. I 2011 fekk ho Norsk språkpris for nynorsk, og to år seinare Arne Hestenes’ journalistpris.

I 2016 flytta Agnes Ravatn med mann og barn til eit lite småbruk i Valevåg og vart nærmaste nabo med forfattaren Einar Økland. Resultatet vart boka Verda er ein skandale: ei lita bok om livet på landet, som kom i 2017.

Agnes Ravatn vil ikkje halda eit tradisjonelt foredrag – møtet med henne vert i form av ein samtale med Jan Zahl. Og sjølvsagt med rom for spørsmål frå salen etterpå.

Bli medlem!

Arkiv