Oppstarten av JSU har så langt vore svært vellukka!
Jærbladet hadde 21.9. ein informativ artikkel om det nye ”universitetet” på Jæren. Les artikkelen her.
“Braksuksess” skriv Time kommune i sin publikasjon på nettet. Les artikkelen her.
Medlemstalet er nå 100!
29.9. møtte 120 fram i Time bibliotek for å høyra sjefredaktør Tom Hetland reflektera omkring ”Norsk politikk eter valet”. Sjå bileta frå forelesinga under bilete i menyen.
Neste forelesing er 27. oktober, då kjem
ass. direktør i Helsetilsynet, lege Geir Sverre Braut
Han vil forelesa over temaet
”Velferdsstaten i brytning. Tankar om utvikling av helse- og sosialtenestene”.
Dei som har høyrt han før, veit at han har eit medfødt talent for formidling.
Styret arbeider nå for fullt med programmet for vårsemesteret, og reknar med at dette vil vera klart ca 1.11. Opplegget er førelesingar i januar til og med april, og som avslutning på semesteret ein ekskursjon i slutten av mai.
Innspel om tema kan sendast på e-post til jsu@jkn.no