Haustsemesteret hadde ein god start. 115 tok i mot viten om dei reisande på Jæren. Interessen i salen var stor.
Torsdag 27. september kjem professor emeritus i kulturkunnskap, dr.philos Øyvind Dahl og vil forelesa over temaet “Å forstå og bli forstått – interkulturell kommunikasjon”. Øyvind Dahl har lang tenestetid ved Misjonshøgskolen i Stavanger. Han tok initiativ til Senter for interkulturell kommunikasjon (SIK) i Stavanger, og har vore knytta til senteret i 10 år.
Han har vore generalsekretær i Digni (Bistandsnemnda) og lektor/rektor ved lærarskule på Madagasker i 6 år. Har reist i 50 land i Afrika, Asia og Latin-Amerika, og skrive fleire bøker og artiklar om slektshistorie, misjon, bistand og interkulturell kommunikasjon.
NB medlemskontingenten i JSU følger kalenderåret. Det skal ikkje betalast ny kontingent for haustsemesteret!