110 frammøtte fekk djupare innsikt i temaet “Islam i moderne politikk” ved å høyra på ei glitrande forelesing av dosent Jan Opsal
.
Torsdag 28.11
. gjester professor Torleiv Bilstad, Universitetet i Stavanger, JSU og vil forelesa over temaet “VATN + OLJE = UVER”
Han har i heile det yrkesaktive livet sitt vore levande oppteken av miljøet kring oss
. Vår generasjon, seier Bilstad, etterlet seg ei bør som vert tung å bera og som vil gje komande generasjonar store utfordringar: Forureining av vatn, utrydding av dyr og planter, nedbygging av jord som skulle ha produsert mat, raskt forbruk av naturressursar og ein folkevekst som kloden ikkje maktar å takla. Han vil sjå på samanhengen mellom overforbruket vårt av ressursar og konsekvensen av dette
.
“Verda går ikkje tom for vatn i vår tid. Fossilt brensel ar vi meir enn nok av. Talet på uver er aukande og havet stig. Alle piler peikar opp, til og med på Oslo Børs.” Noreg er eit rikt land.
Vitskaplege berekningar viser at klimaendringane fører med seg varmare, surare og villare hav som fløymer over, ørkenspreiing og andre naturkatastrofar. “Men neste generasjon må jo og ha noko å ta seg til – etter at dessertgenerasjonen har gjort sitt.”
Vel møtt. Medlemmer går gratis, andre betaler kr 100.
Eit spanande program for vårsemesteret publiserer vi i desember.