Torsdag 26.november kl 1100 kjem Kalle Moene og skal snakka om: Den ulike likheten-om forskjeller i Norge. Kalle Moene er professor emeritus i økonomi ved Universitetet i Oslo. Han er kjend som ein engasjerande førelesar og ein uredd og spissformulert samfunnsdebattant. Kalle Moene vil mellom anna snakka om korleis dei økonomiske forskjellane har utvikla seg i Norge samanlikna med andre land, kva som er drivkreftene for slike forskjeller, og kva som kan gjerast for å redusera dei, om det er politisk ønskeleg.
Vi har god erfaring med å ha møte i Storstova, og vi trur at dette er noko av det beste ein kan ha i forhold til gjeldande smittereglar. For å følgja smittevernråda oppmodar vi til å registrera seg på førehånd via Storstova sitt billettsystem. Det vil og vera mogeleg å registrera seg i billettskranken i god tid før møtestart. Velkommen skal de vera til siste møtet i 2020.