Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Siste møte i JSU våren 2024 torsdag 30. mai kl 1100: Kristin Armstrong-Oma: Skattane i jorda vår

Siste møte i JSU våren 2024 torsdag 30. mai kl 1100: Kristin Armstrong-Oma: Skattane i jorda vår

Rogaland har svært mange arkeologiske funn frå vår tidlege
historie. Frå Time kjenner me blant anna det rike gullfunnet på
Oma frå folkevandringstida, og funn frå nyare utgravingar på
Kvålefeltet og Håland.
Nye hjelpemiddel gjer det lettare å finna ting, og amatørar med
metalldetektorar står bak fleire viktige funn dei siste åra, mellom
anna gullskatten på Rennesøy i 2023. Samstundes har ny teknologi
gjort det lettare å datera og tolka funna. Til saman gir dette oss
spennande ny kunnskap om forhistoria vår.


Kristin Armstrong-Oma (f. 1974) er frå Time. Ho er professor ved Arkeologisk museum,
Universitetet i Stavanger, der ho er fagleg ansvarleg for utstillingane. Kristin Armstrong-Oma
har doktorgrad frå University of Southampton i England. Spesialfeltet hennar er bronsealder
og jernalder, med særleg vekt på relasjonar mellom menneske og dyr i forhistoria.
Armstrong-Oma er også styreleiar i Norges Museumsforbund.

Bli medlem!

Arkiv