Jæren
Senior
Universitet

Ola Kvaløy: Korleis omstilla den norske oljeøkonomien?

Ola Kvaløy: Korleis omstilla den norske oljeøkonomien?

Torsdag 24. april kl. 1100 i Storsalen, Time bibliotek

Norsk økonomi er svært oljeavhengig. Samstundes vi norske politikarar ha høge mål for kutt i utsleppa av klimagassar, både her heime og globalt. Over tid tyder det at fossil energi må erstattast av fornybar, og at norsk næringsliv må omstillast i grøn retning og få fleire bein å stå på.

Men korleis skal «det grøne skiftet» gjennomførast i praksis? Kva tiltak vil vera mest kostnadseffektive? Kor sterkt skal staten styra denne prosessen, og kor mykje bør overlatast til marknaden? Og kva skal me eigentleg leva av etter oljå?

Ola KvaløyOla Kvaløy (f. 1973) er dekan og professor i samfunnsøkonomi ved Handelshøgskolen, Universitetet i Stavanger. Han var medlem av det regjeringsoppnemnde Klimautvalet, som la fram si utgreiing i 2023, og i Skatteutvalet, som gjorde ferdig sitt arbeid året før. Kvaløy er ein aktiv formidlar og debattant med fast kommentarspalte i Dagens Næringsliv. Han er også medlem av redaksjonskomiteen i økonomifestivalen KåKåNomics.

Bli medlem!

Arkiv