Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Program for haustsen 2023

Program for haustsen 2023

Torsdag 31. august kl.11.00: 

Sven Egil Omdal: Nordmennene i Sachsenhausen

Sven Egil Omdal (@svelle) / Twitter

Rundt 2500 nordmenn var fangar i den tyske konsentrasjonsleiren Sachsenhausen under krigen. Dei kom frå alle samfunnslag. Bønder og arbeidarar, professorar og legar, fiskarar og kjøpmenn svalt saman, sleit saman og drøymde saman. Ironisk nok la nazistane på denne måten til rette for ein politisk verkstad for heilt andre idear enn nazismen.

 

I konsentrasjonsleiren vart det lagt planar for eit betre Norge etter krigen. I norskebrakkene fanst det to komande statsministrar og seks framtidige statsrådar som skulle medverka til det. Blant dei var Einar Gerhardsen og Stavanger-mannen Sven Oftedal, som vart sosialminister i Gerhardsens første regjering og ein nøkkelperson i å byggja den nye velferdsstaten.

 

Sven Egil Omdal (f. 1953) har skrive den første samla framstillinga av nordmennene i leiren. Omdal har bakgrunn som journalist og redaktør. Han har gitt ut fleire bøker og er kjend for Senioruniversitetet sine medlemmer som ein framifrå foredragshaldar.

 

Torsdag 28. september kl.11.00

Magnus Takvam: Norsk politikk etter lokalvalet

Magnus Takvam – Wikipedia

I skrivande stund ligg det an til store endringar i styringa av norske kommunar og fylkeskommunar. Dei to regjeringspartia Arbeidarpartiet og Senterpartiet har svært mange ordførarposisjonar som kan ryka dersom tilbakegangen på meiningsmålingane held seg fram til valet. Høgre ligg derimot an til å vinna mange nye skansar.

 

Men det er langt fram, og fasiten får me ikkje før 11. september. Seinare den månaden får me besøk av NRK sin mangeårige politiske kommentator Magnus Takvam, som vil analysera kvifor det gjekk som det gjekk og sjå framover mot stortingsvalet om to år. Kva får resultatet å seia for regjeringa, og kva alliansar og skiljeliner kan me sjå for oss i ein situasjon der dei tradisjonelle blokkene er meir flytande enn før?

 

Magnus Takvam (f. 1952) er kjend for sine saklege og velfunderte politiske analysar. Etter at han gjekk av i NRK, skriv han for den nye politiske nettavisa altinget.no. Han har skrive bøkene Arbeiderpartiets fall (2002) og Hun skrev for å kunne leve  (2021) om mora Marie Takvam.

 

Torsdag 26.oktober kl.11.00: 

Siri Wiig: Kan me føla oss trygge når me bruker helsetenestene?

Siri Wiig | Universitetet i StavangerSom pasientar og pårørande vil me gjerne vera trygge på at sjukehusa og andre delar av Helse-Norge gir trygg behandling av høg kvalitet, sjølv om me veit at helsepersonell ofte må arbeida under stort press. Oftast går det godt, men me høyrer også om feilbehandling og pasientskadar. Kva blir gjort for å hindra slike uønskte hendingar, og korleis kan helsestellet læra av sine feil?

 

Siri Wiig (f.1977) frå Orre har i mange år arbeidd med desse problemstillingane. Ho er professor ved Universitetet i Stavanger, der ho har vore sentral i oppbygginga av SHARE (Senter for kvalitet og sikkerhet i helsetjenesten), som ho i dag er leiar for.

 

Wiig er ein aktiv forskar med eit omfattande internasjonalt nettverk som fagmiljøet i Stavanger-regionen har hatt stor nytte av. For denne innsatsen fekk ho Lyses forskingspris for 2021. Ho er også kjend som ein god formidlar og førelesar. 

 

Torsdag 30. november kl.11.00:

 Møte med forfattaren Agnes Ravatn

 

Agnes Ravatn (f. 1983) frå Ølen er ein av våre fremste yngre forfattarar. Ho debuterte i 2007 med den kritikarroste romanen Veke 53. Seinare har ho skrive ei rekkje romanar, essaysamlingar og avisartiklar, der ho formidlar både spenning, undring, ironi og humor. 

Høgdepunktet så langt er nok romanen Fugletribunalet frå 2013, som ho fekk P2-lyttarane sin romanpris for. Essaysamlinga Folkelesnad frå 2011, om norske vekeblad og magasin, vart nominert til Brageprisen det året. I 2011 fekk ho Norsk språkpris for nynorsk, og to år seinare Arne Hestenes’ journalistpris.

I 2016 flytta Agnes Ravatn med mann og barn til eit lite småbruk i Valevåg og vart nærmaste nabo med forfattaren Einar Økland. Resultatet vart boka Verda er ein skandale: ei lita bok om livet på landet, som kom i 2017.

Agnes Ravatn vil ikkje halda eit tradisjonelt foredrag – møtet med henne vert i form av ein samtale med Inger Undheim. Og sjølvsagt med rom for spørsmål frå salen etterpå.

 

**********************

JSU sine møte startar kl. 11.00. 

 Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no  Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.

Bli medlem!

Arkiv