Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Program for våren 2023

Program for våren 2023

Torsdag 26. januar kl.11.00: Jan Zahl: Det mørke fastland etter 100 år

Et bilde som inneholder person, klær, mann

Automatisk generert beskrivelse

 I artikkelserien “Fra det mørke fastland”, som stod på trykk i Verdens Gang januar-mars 1893, teikna Arne Garborg eit dystert bilete av Stavanger og Jæren. Han skildra ein landsdel prega av gledeslaus pietisme og primitiv kulturløyse. Garborg smurde tjukt på, og mange har meint at han var urettferdig. Men uttrykket har blitt hengande ved oss, og ikkje eingong oljealderen har greidd å ta heilt knekken på det.

Hundre år er gått sidan Garborg skreiv artiklane sine. Korleis tek dei seg ut i ettertid? Var Garborg berre fordomsfull og sur, eller sette han fingeren på ømme punkt? Og finst det trekk ved den rogalandske kulturen og mentaliteten Garborg skildrar som ein framleis kan kjenna seg igjen i?

Jan Zahl (f. 1969) er frå Bryne og arbeider som kulturjournalist i Stavanger Aftenblad. Han har skrive fleire bøker, mellom andre “Kontroll på kontinentet. Historia om Kaizers Orchestra” (2006) og “Bryne. Portrett av ein by” (2008).

Foredraget er ein del av programmet til Garborgdagane 2023.

Torsdag 23. februar kl.11.00: Tora Aasland: Samvirke mellom frivillighet og offentlig beredskap. Hvordan møte framtidige kriser?

 Et bilde som inneholder person, utendørs, kvinne, smilende

Automatisk generert beskrivelse

Beredskap har kome høgare på den politiske dagsordenen. Dramatiske hendingar som 22. juli-terroren og krigen i Ukraina har medverka til det, det same har ras, brannar og ulukker som viser at også det moderne, høgteknologiske samfunnet kan vera sårbart. Og ikkje alle utfordringar kan løysast berre med profesjonelt mannskap. I mange tilfelle er det dei frivillige som er først på staden.

I doktorgradsavhandlinga som ho forsvarte i 2022, set Tora Aasland søkelyset på den frivillige innsatsen i beredskapsarbeidet, og korleis dei frivillige på best måte kan samvirka med det profesjonelle, offentlege apparatet. Foredraget byggjer på dette arbeidet. Blant spørsmåla Aasland drøftar, er: Korleis finn ressursane kvarandre? Lærer me av våre erfaringar frå krig og kriser? Korleis handtera spenninga mellom det sentrale og lokale? Og kva er god beredskapsleiing?

Tora Aasland (f. 1942) bur i Time. Ho har hatt ei rekkje framståande verv, mellom andre stortingsrepresentant for SV (1985-1993), fylkesmann i Rogaland (1993-2007) og forskings- og høgare utdanningsminister (2007-2012).

 Torsdag 30. mars kl.11.00: Victor Norman: Distrikts-Norge – utvikling eller forgubbing?

Et bilde som inneholder person, mann, vegg, dress

Automatisk generert beskrivelse

 Dei siste åra har protestane hagla mot kommunesamanslåingar og nedleggingar av lokalsjukehus, fødeavdelingar, skular og lensmannskontor. Distriktsopprøret har vore ei viktig årsak til Senterpartiet sin framgang og dermed til regjeringsskiftet hausten 2021.

Men lar sentraliseringa og urbaniseringa seg snu? Det regjeringsoppnemnde Demografiutvalet, leia av professor Victor Norman, peika i 2020 på at det for første gong i historia ikkje vert fødd nok barn i distrikta til å oppretthalda folketalet. Om ikkje Distrikts-Norge skal bli ein naturskjønn gamleheim, krevst det langt meir radikale og utradisjonelle tiltak enn me har brukt til nå.

Victor Norman (f. 1946) er professor emeritus i samfunnsøkonomi ved Norges handelshøyskole, og ein aktiv samfunnsdebattant. Som arbeids- og administrasjonsminister (H) i Bondevik II-regjeringa flytta han i 2003 sju statsetatar ut av Oslo.

 Torsdag 27. april kl.11.00: Sissel Gran: Inni er vi alltid unge

Et bilde som inneholder person, briller

Automatisk generert beskrivelse

 «I en av de store vindusflatene så jeg plutselig et glimt av moren min, høy, tynn, med et litt steilt ganglag og et ubekvemt uttrykk i ansiktet. Problemet var bare at moren min var død for mange år siden. Personen i vinduet var meg.»

Slik skildrar psykolog Sissel Gran det brå møtet med sin eigen alderdom i boka «Inni er vi alltid unge» frå 2019. I boka deler ho sine tankar om aldring, og spør seg mellom anna om det kan finnast uventa gleder å henta i aldringsprosessen. I foredraget tar ho oss med i desse refleksjonane.

Sissel Gran (f. 1951) er ein av Norges mest kjende psykologar. Ho jobbar som parterapeut, coach, førelesar og forfattar. Ho er sterkt opptatt av kunnskapsformidling og opplysning, ho har skrive for fleire riksaviser i ei årrekke, og er kjend som ein fengslande og fargerik foredragshaldar.

Foto: Kristoffer Myhre

 Torsdag 25. mai kl.11.00: Sven Egil Omdal: Nordmennene i Sachsenhausen

Et bilde som inneholder mann, person, briller, har på seg

Automatisk generert beskrivelse

 Rundt 2500 nordmenn var fangar i den tyske konsentrasjonsleiren Sachsenhausen under krigen. Dei kom frå alle samfunnslag. Bønder og arbeidarar, professorar og legar, fiskarar og kjøpmenn svalt saman, sleit saman og drøymde saman. Ironisk nok la nazistane på denne måten til rette for ein politisk verkstad for heilt andre idear enn nazismen.

I konsentrasjonsleiren vart det lagt planar for eit betre Norge etter krigen. I norskebrakkene fanst det to komande statsministrar og seks framtidige statsrådar som skulle medverka til det. Blant dei var Einar Gerhardsen og Stavanger-mannen Sven Oftedal, som vart sosialminister i Gerhardsens første regjering og ein nøkkelperson i å byggja den nye velferdsstaten.

Sven Egil Omdal (f. 1953) har skrive den første samla framstillinga av nordmennene i leiren. Omdal har bakgrunn som journalist og redaktør. Han har gitt ut fleire bøker og er kjend for Senioruniversitetet sine medlemmer som ein framifrå foredragshaldar.

 

**********************

JSU sine møte startar kl. 11.00.

 Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no  Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.

Bli medlem!

Arkiv