Jæren
Senior
Universitet

Program for vårsemesteret 2024

Program for vårsemesteret 2024

Torsdag 25. januar kl. 11.00:
Kjell Olav Stangeland: Då gymnaset kom til Bryne

Kjell Olav Stangeland

I 2024 er det 100 år sidan den første klassen starta på Rogaland Landsgymnas på Bryne, det som seinare vart Rogaland off. landsgymnas, Bryne gymnas og Bryne vidaregåande skule. Dette var utslagsgjevande for at Bryne vart eit skulesenter og i dag har ein av landets største vidaregåande skular.
Det var målrørsla som var pådrivar for å få etablert landsgymnas både på Bryne og andre stader utanfor dei større byane. Men kvifor valde Rogaland Mållag akkurat Bryne når dei skulle starta eit landsgymnas i Rogaland? Kva betydning for Bryne fekk denne avgjerda?

Kjell Olav Stangeland (f.1948) er frå Bryne. Han var lærar i ungdomsskulen og deretter i 26 år tilsett i Jærbladet som journalist og i 2008-2013 ansvarleg redaktør. Stangeland har også vore dagleg leiar i Bryne FK og sit i Time kommunestyre. I 2021 gav han ut boka: «Frå utmark til by – historia om Bryne».
Foredraget er ein del av programmet for Garborgdagane.

Torsdag 29. februar kl. 11.00:
Ingar Sletten Kolloen: Livet under krigen

Ingar Sletten Kolloen

I 2023 kom «Hvis vi overlever» – tredje og siste bok i Ingar Sletten Kolloens trebandsverk om Norge under krigen». Bøkene har fått svært god mottaking både frå kritikarar og publikum. Kolloen skildrar både krigsdramatikk og kvardagsliv. Han lar oss møta menneske frå alle samfunnslag og over heile landet som til saman lagar ein spennande mosaikk av eit folk som må takla ukjende og ekstreme samfunnsforhold.

 

Ingar Sletten Kolloen (f 1951) er journalist, redaktør og forfattar. Han hadde sin første journalistjobb i Jærbladet på 1970 talet, og har seinare vore leiar for Aftenpostens kulturredaksjon og sjefredaktør i Gudbrandsdølen Dagningen. Kolloen er elles mest kjend for dei mange biografiane sine . Bøkene om Tor Jonsson (1999) og Knut Hamsun (2003-2004) vart nominerte til Brageprisen. Han har også skrive biografiar om Snåsamannen, dronning Sonja og Ingrid Espelid Hovig.

Torsdag 21. mars kl. 11.00
Tom Ryen: Kunstig intelligens – Muligheter, utfordringer og samfunnsendringer

Tom Ryen

Kunstig intelligens er ikke nytt, men har tatt fullstendig av den siste tiden, og særlig det siste året. Hva er kunstig intelligens, og hvorfor er det blitt så voldsomt fokus på dette nå? Hva menes med generativ kunstig intelligens? Når roboter kan kommunisere med menneskelig språk, hva skjer da med oss og vår identitet? Kan robotene ta over styringa og overgå menneskene? Kunstig intelligens gir nye muligheter, men også nye utfordringer. Framtiden avhenger av vår kunnskap og holdning til kunstig intelligens.

Tom Ryen (f. 1970) er leder ved Institutt for data- og elektroteknologi ved Universitetet i Stavanger. Han har doktorgrad i digital signalbehandling og har jobbet som førsteamanuensis ved UiS inntil han overtok som instituttleder for sju år siden. Ryen var initiativtaker til Stavanger AI Lab, som ble etablert i 2021 og skal knytte forskere og studenter ved universitetet sammen med partnere fra næringsliv og offentlig sektor som er interessert i forskning og utvikling innen fagfeltet kunstig intelligens.

Torsdag 25. april kl. 11.00:
Mari Rege: Hvordan kan barn lykkes i skolen?

Mari Rege

Det er store forskjeller i hvordan barn lykkes i den norske skole. En av de viktigste forklaringsfaktorene er familiebakgrunn. Sosial ulikhet preger i stor grad resultatene i skole-Norge. Hvorfor er det slik? Hvorfor lykkes ikke velferdsstaten i å gi barn like muligheter for læring og utvikling? Hva kan gjøres?

Mari Rege (f. 1974) er professor i samfunnsøkonomi ved Handelshøgskolen ved Universitet i Stavanger. Hennes fagfelt er arbeidsmarkedsøkonomi, utdanningsøkonomi og adferdsøkonomi. Hun forsker på læring og motivasjon i tidlig barndom, skole og arbeidsliv. Hun er spesielt opptatt av tiltak som kan øke sosial mobilitet. Hun har sittet i en rekke regjeringsoppnevnte utvalg. Nylig ledet hun ekspertgruppen for barn i fattige familier som overrakte sin rapport til regjeringen i oktober 2023.

Torsdag 30. mai kl. 11.00:
Kristin Armstrong-Oma: Skattane i jorda vår

Kristin Armstrong-Oma

Rogaland har svært mange arkeologiske funn frå vår tidlege historie. Frå Time kjenner me blant anna det rike gullfunnet på Oma frå folkevandringstida, og funn frå nyare utgravingar på Kvålefeltet og Håland. Nye hjelpemiddel gjer det lettare å finna ting, og amatørar med metalldetektorar står bak fleire viktige funn dei siste åra, mellom anna gullskatten på Rennesøy i 2023. Samstundes har ny teknologi gjort det lettare å datera og tolka funna. Til saman gir dette oss spennande ny kunnskap om forhistoria vår.

Kristin Armstrong-Oma (f. 1974) er frå Time. Ho er professor ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger, der ho er fagleg ansvarleg for utstillingane. Kristin Armstrong-Oma har doktorgrad frå University of Southampton i England. Spesialfeltet hennar er bronsealder og jernalder, med særleg vekt på relasjonar mellom menneske og dyr i forhistoria. Armstrong-Oma er også styreleiar i Norges Museumsforbund.

Bli medlem!

Arkiv