2025 markerer me 200-årsjubileet for den organiserte norske utvandringa til Amerika. Blant dei som emigrerte, var seks av søskena til Arne Garborg – tre søstrer og tre brør. I dag finst det nær 700 etterkomarar etter dei, spreidde i USA og Canada.
Våren 2024 reiste Tom Hetland på oppdrag frå Time historielag til Amerika for å gå opp spora etter søskenflokken. Målet var å skriva ein artikkel i årboka for historielaget. I foredraget fortel han om kva han fann, og om møte med etterkomarar som både hadde stor kunnskap, som hadde teke vare på mykje kjeldemateriale og som var stolte over å vera i slekt med forfattaren frå Norge.
Tom Hetland (f. 1954) har vore journalist og redaktør, og er styreleiar i Jæren senioruniversitet. Han er utdanna historikar og redigerer Årbok for Time historielag.
Foredraget er ein del av programmet for Garborgdagar 2025.
Kva slags mat bør me eta for å halda oss friske og spreke? Finst det mirakelkurar, eller er tradisjonelt norsk kosthald godt nok? Kan me læra noko av idrettstoppane våre?
Desse spørsmåla er tema for foredraget til Torbjørg Haugen (f. 1960). Ho er utdanna kokk og har arbeidd på hotell, restaurantar og kafear, i tillegg til alders- og sjukeheimar. Ikkje minst laga ho i mange år mat til nokre av dei fremste norske idrettsutøvarane. Frå 1998 til 2011 var ho tilsett i Norges Skiforbund/Skiskyttarforbund, og frå 2011 til 2022 i Molde Fotballklubb, der Erling Braut Haaland spela før han tok steget ut i den store verda. Nå arbeider ho på Suleskard kafé i heimbygda Sirdal.
Torbjørg Haugen er kjend som ein engasjerande og humørfylt formidlar, så her kan me venta oss både nyttige råd og gode historier frå livet blant idrettseliten.
Arne Nævra (f. 1953) er ein av Nordens mest profilerte naturfilmskaparar, kjend frå eit utal av program og seriar på NRK. Mange vil minnast seriar som «Villdyr og villmark», «Norske naturperler», «Norges villmarker» og «Min natur».
I mars, medan våren gryr over Jæren og trekkfuglane vender tilbake, får me oppleva den dyktige naturfotografen og engasjerte forteljaren i film og tale på Senioruniversitetet. Nævra er også rykande aktuell med ei ny bok, «Naturen og oss», der han skildrar både naturglede og natursorg etter mange tiår bak filmkameraet. Ja, etter fire år på Stortinget òg. Nævra sat nemleg frå 2017 til 2021 som representant for SV i Buskerud. Disse erfaringane har gitt Nævra stor uro for kva me gjer med naturen, gjennom stadig meir nedbygging av viktige areal, og han vil dela mange av desse tankane med oss.
Norsk økonomi er svært oljeavhengig. Samstundes vi norske politikarar ha høge mål for kutt i utsleppa av klimagassar, både her heime og globalt. Over tid tyder det at fossil energi må erstattast av fornybar, og at norsk næringsliv må omstillast i grøn retning og få fleire bein å stå på.
Men korleis skal «det grøne skiftet» gjennomførast i praksis? Kva tiltak vil vera mest kostnadseffektive? Kor sterkt skal staten styra denne prosessen, og kor mykje bør overlatast til marknaden? Og kva skal me eigentleg leva av etter oljå?
Ola Kvaløy (f. 1973) er dekan og professor i samfunnsøkonomi ved Handelshøgskolen, Universitetet i Stavanger. Han var medlem av det regjeringsoppnemnde Klimautvalet, som la fram si utgreiing i 2023, og i Skatteutvalet, som gjorde ferdig sitt arbeid året før. Kvaløy er ein aktiv formidlar og debattant med fast kommentarspalte i Dagens Næringsliv. Han er også medlem av redaksjonskomiteen i økonomifestivalen KåKåNomics.
Øl var næringsdrikk og festdrikk i det gamle vikingsamfunnet. Bøndene hadde plikt å brygga øl til jul og til jonsok, og viktige juridiske handlingar kravde at deltakarane fekk øl å drikka. Øl kunne til og med i særlege tilfelle brukast i staden for vievatn ved dåp og vin under nattverd. Dette endra seg på 1200-talet, og i Landslova av 1274 vert drikk og fyll handsama som eit problem. Bak endringa i samfunnsfunksjonen til øl finn vi dei lange konsekvensane av kristninga, som førte til ein overgang får eit ætte- til eit statssamfunn, frå eit munnleg til eit skriftsamfunn, og ei integrering i europeisk kultur.
Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er professor, jurist og rettshistorikar, med tilknyting både til Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og Baroniet i Rosendal i heimkommunen Kvinnherad. Han var sentral under markeringa av 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov i fjor. Dei som opplevde Øyrehagen Sunde sitt engasjerande foredrag på JSU i 2022, veit at dei har noko å gleda seg til!
Alle rettar reservert
Jæren Senioruniversitet
Påfyll for seniorar!
Designa og drifta av Datahjelpen.IT