23.01.2014: Førstekonsulent Sigbjørn Reime: «Arne Garborg og Jæren – eit band på godt og vondt.»
Sigbjørn Reime er lærarutdanna og tilsett i Time Kommune med ansvar for kulturvern, mellom anna Garborgheimen og Knudaheio. Han har modernisert og redigert bøker av og om Arne Garborg, og sjølv gitt ut ei samling av det Garborg skreiv i Knudaheio etter 1904.
Sigbjørn Reime vil snakka om Garborg si samtid, bakgrunn og oppvekst, og korleis det avspeglar seg i dei tre verka med tilknyting til heimtraktene: Bondestudentar, Fred og Haugtussa.
20.02.2014: Professor Ola Kvaløy: «Atferdsøkonomi – en kombinasjon av økonomi og psykologi.»
Ola Kvaløy er professor i samfunnsøkonomi ved UiS. Han forskar på insentiv, økonomisk atferd og økonomisk organisering. Nyare forsking syner at vi ofte kan gå i mentale feller når vi tek økonomiske avgjersler.
Vi kan vera uvillege eller velvillege på førehand, vera kortsiktige og bomma på tilsynelatande enkel sannsynsrekning. Forsking syner at vi ofte vert drivne av andre forhold enn dei reint økonomiske. Vi lar oss motivera av påskjønning og mislikar ulikskap. Forelesinga til Kvaløy vil kasta lys over dette forskingsfeltet som kombinerer økonomi og psykologi i studiet av økonomisk atferd.
27.03.2014: Professor Hilde Sandvik: «Det nye norske demokratiet».
Hilde Sandvik er professor i historie ved UiO. Ho er ein leiande forskar på tema kring 1814, demokrati og folkestyre, og har leia forskingsprosjektet: Demokratisk teori – historisk praksis. Forutsetninger for folkestyre 1750-1850 og har delteke i prosjektet: 1814 – Grunnloven – historisk virkning og sosial forankring.
Hilde Sandvik si forelesing er JSU sitt bidrag til Grunnlovsjubilèet. 1814 innebar store endringar i det norske samfunnet. Noreg vart løyst frå unionen med Danmark, fekk Grunnlov, Storting og demokrati på nasjonalt plan.
1814 var eit tidsskilje i norsk historie. Vi fekk skulekommisjonar og forlikskommisjonar. Statsstyre høyrde i aukande grad på folkelege krav, fleire gonger synleggjorde gjennom bondeopptøyer, og i Rogaland. Men det tok meir enn 20 år før vi fekk innført regionalt og lokalt demokrati, og alminnelig stemmerett kom først i 1913.
Hilde Sandvik vil ta oss inn i det spennande feltet om forsking kring 1814 og det nye norske demokratiet.
24.04.2014: Professor Hild Sørby: «Jærmaleriet og jærmalerne».
Hild Sørby er kunsthistorikar og professor emerita ved UiS. Ho har skrive ei rekke bøker og artiklar om norsk kunst og arkitektur, mellom anna Jærmaleriet, frå landskap til visjon. Jæren var eit av dei siste områda i landet som vart gjort til motiv i kunsten.
Dei første kunstnarane kom i 1870-åra, og stadig fleire tilreisandekom i tiåra som fylgde. Sjølv Arne Garborg var overraska og skreiv i 1899: «Utruleg at me her på den fæle, stygge Jæren hev kunstmålarar». Kitty L. Kjelland og Nicolay Ulfstein var dei første som fann landskapet interessant som motiv. I 1890 kom dei første heimstadmålarane som Sigurd Moe og August Jacobsen.
Hild Sørby vil presentera eit utval jærmålarar og leggja vekt på korleis landskapet vart oppfatta og gjengitt gjennom nokre epokar.
22.05.2014: Journalist Sven Egil Omdal: «Når blodtåka senker seg.»
Sven Egil Omdal er journalist og kommentator i Stavanger Aftenblad. Han har tidlegare vore leiar i Norsk Journalistlag og Pressens Faglige Utval, nyhetsredaktør, kulturredaktør og multimediaredaktør i Aftenbladet. Fripennspalta hans vert trykt kvar veke i dei fire største regionsavisene.
Pressa skal verna enkeltmenneske, men kven skal verna enkeltmennesket når pressa jagar i flokk? Steinar Hansson, tidlegare redaktør i Dagsavisen, skreiv at det nokre gonger senkar seg ei «blodtåke» over desken, ei kollektiv opphissing som får pressa til å mista all sans for proporsjonar. Kven har ansvaret for å finna ein farbar veg gjennom ein slik tåkeheim? Det er dette Sven Egil Omdal vil reflektera over.
05.06.2014: Ekskursjon til Haugalandet med Egil Harald Grude som reiseleiar.
Med buss går turen frå Bryne kl. 8, gjennom Rennfast og med ferje over Boknafjorden til Statoil sitt gassanlegg på Kårstø der det vert omvising. Vidare gjennom T-sambandet under Karmsundet til Avaldsnes og Vikinggarden der det vert omvising og lunsj. Siste stopp vert Haugesund der kommunen tek mot oss i det vakre rådhuset og orienterer oss om byen. Planlagt retur til Bryne om lag kl. 20.
Orientering om kostnad og påmelding seinare.
Vel møtt!