Jæren SeniorUniversitet (JSU)
Program for haustsemesteret 2018
30. august: Bernt Hagtvet:
1968-opprøret: Utopisk vårløsning eller politisk villfarelse?
Studentopprøret for 50 år sidan skulle setja djupe spor etter seg, og «sekstiåttargenerasjonen» har prega politikken, kulturlivet og det akademiske livet heilt fram til i dag. Professor Bernt Hagtvet var sjølv student ved det amerikanske Yale-universitetet under opprøret. I førelesinga vil han først presentera dei faktiske hendingane me vanlegvis set i samband med studentopprøret i 1968, og deretter gi ei tolking av opprøret og etterverknadene i Norge og elles i verda. Han vil særleg konsentrera seg om omgrepa internasjonalisering og radikalisering. Hagtvet vil også fortelja om sine eigne inntrykk og opplevingar frå det dramatiske året.
Bernt Hagtvet, f. 1946, er professor emeritus i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Hans spesialområde er demokrati, menneskerettar og ekstreme politiske organisasjonar. Gjennom heile karrieren har han vore ein aktiv og engasjert formidlar og samfunns-debattant.
27.september: Geir Sverre Braut:
Aldring, helse og det gode liv.
Folk i Norge og store delar av verda elles lever lenger for kvart år som går. Det blir såleis også gradvis mange fleire eldre. Mange snakkar om «eldrebølgja» som eit ustyrleg problem. Men er det no verkeleg slik? Kan det tenkjast at det i alderdommen ligg både ressursar og rikdom som korkje den einskilde eller samfunnet maktar å bruka? Kva er i så fall føresetnadene for å sjå på aldring som ressurs? Og korleis kan dette påverkast av den einskilde og styremaktene? Dette vil vera kjernespørsmåla som vil bli drøfta i førelesinga.
Geir Sverre Braut, f. 1955, er utdanna lege, spesialist i samfunnsmedisin. Han arbeider no ved Stavanger universitetssjukehus, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet med undervisning og forsking om samfunnstryggleik, offentleg tenesteyting og helsetenester. Tidlegare har han vore fylkeslege i Rogaland og assisterande direktør i Statens helsetilsyn.
25.oktober: Anders Vassenden:
Slik har oljå forandra Rogaland. Kulturelle endringar i oljealderen.
I dei siste fire tiåra har det skjedd store endringar på mange område i Norge. Oljerikdom og økonomisk vekst står sentralt i endringane. I Norges oljehovudstad Stavanger har den økonomiske veksten vore særleg rask. Basert på eit langvarig kultursosiologisk forskingsprosjekt om Stavanger-regionen, gir Anders Vassenden i denne forelesninga eit innblikk i korleis denne veksten har endra Stavanger og menneska der. Han vil særleg leggja vekt på endringar av sosiale hierarki, framveksten av nye samfunnsklassar, sosial mobilitet og «klassereiser».
Anders Vassenden, f. 1973 i Bergen, er dr. polit i sosiologi frå Universitetet i Oslo. Han er professor i sosiologi ved Institutt for medie- og samfunnsfag, Universitetet i Stavanger. Dei viktigaste forskingsområda er kultursosiologi, etniske relasjonar og bustadsosiologi.
29.november: Janne Stigen Drangsholt: