Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Program våren 2021

Program våren 2021

Program for vårsemesteret 2021

Torsdag 28. januar: Per Buvik: Garborgs Trætte Mænd som ironisk tidsdokument

image001I 1891 gav Arne Garborg ut romanen Trætte Mænd, som er blitt ein av hans mest lesne og omdiskuterte. Romanen tek temperaturen på eit tidsskilje. Dei politiske kampåra på 1880-talet vart avløyste av ei meir individualistisk, distansert og dekadent tidsånd. I litteraturen veik naturalismen plass for nyromantikk.

I foredraget vil Per Buvik dels sjå Garborgs roman i ein europeisk samtidskontekst og dels diskutera Garborgs ironi. Han vil drøfta bruken av ulike former for ironi i litteraturen, og spesielt forholdet mellom ironi, humor og komikk.

Per Buvik er professor emeritus i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Han har særleg arbeidd med fransk litteratur og har vore engasjert i fransk-norsk kultursamarbeid. Buvik har også vore redaktør for tidsskriftet Norsklæraren og redaksjonssekretær i tidsskriftet Edda.

Foredraget er ein del av programmet for Garborgdagar 2021.

Torsdag 25. februar: Jørn Øyrehagen Sunde: Står demokratiet og rettsstaten i fare?

image003Demokrati, rettsstat og menneskerettar er avløyste av autoritære regime i Ungarn, Polen, Russland og Tyrkia. Den positive utviklinga i land som Kina og India har snudd, og sjølv i USA og Storbritannia har utviklinga dei siste åra vore urovekkjande. Då er det ikkje tale om tilfeldige episodar, men om ein global trend, som me truleg også vil merka her i landet.

Kva er årsakene til denne utviklinga, og korleis kan den best møtast for å ta vare på demokratiet, rettsstaten og menneskerettane – grunnleggjande kvalitetar ved samfunnet slik me kjenner det? Det er emnet for foredraget til Jørn Øyrehagen Sunde.

Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo. Han har mellom anna skrive «Høgsteretts historie 1965-2015», og er ein aktiv foredragshaldar og samfunnsdebattant.

Torsdag 25. mars: Anne Mangen: Lesing på skjerm og papir

image005Kor langt skal digitaliseringa av skulen gå, og kor fort skal me gå fram? Kor tidleg skal barna få nettbrett, og er papirbøkene snart avleggs? Diskusjonen rasar blant politikarar, foreldre, skulefolk, forfattarar og andre.

På den eine sida blir det hevda at skulen ikkje har noko anna val enn å tilpassa seg digitaliseringa av samfunnet, og at utfordringa i staden må vera å utvikla betre digitale læremiddel og bruka dei på ein fornuftig måte. På den andre sida meiner mange at skulen har kasta seg ut i eit dristig eksperiment, der naiv tru på digitalisering kan enda opp med å gjera meir skade enn gagn.

Men kva seier eigentleg forskinga om dette spørsmålet? Kva veit me om lesing på ulike plattformer? Er det likegyldig for leseoppleving og leseforståing om me les på papir eller skjerm?

Dagens foredragshaldar, Anne Mangen, er ein av våre fremste forskarar på dette feltet. Ho er professor i lesevitskap ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger.

Torsdag 29. april: Einar Haukås: Kva skjer i kreftforskinga?

image007Kreft er ein av dei største folkesjukdommane i Norge. Ein tredel av alle nordmenn vil oppleva å få ein kreftdiagnose før dei har fylt 75 år.

Dei siste åra har kreft passert hjarte- og karsjukdommar som den viktigaste dødsårsaka i landet. Om lag 11.000 nordmenn døyr av kreft kvart år. Samstundes er det stadig fleire som overlever kreftsjukdommen. Tre av fire som har fått kreftdiagnose er framleis i live etter fem år, mange med høg livskvalitet. Behandlingsresultata varierer likevel framleis sterkt frå krefttype til krefttype.

Kunnskapen om førebygging og behandling av ulike kreftformer er i stadig utvikling. Nye medisinar og behandlingsmetodar vert forska fram, utprøvde og etter kvart tekne i bruk på sjukehusa. I foredraget vil Einar Haukås fortelja om den nyaste utviklinga innan kreftforsking og kreftbehandling.

Einar Haukås er frå Bryne, og arbeider til dagleg som seksjonsoverlege ved Klinikk for blod- og kreftsjukdommar på Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Torsdag 27. mai:Terje Tvedt: Dei lange linjers historie og forholdet mellom USA og Kina

image009Gjennom størstedelen av den kjende verdshistoria har Kina vore den største og mest avanserte økonomien i verda. Dei siste 150 åra har derimot USA hatt denne rolla. Nå meiner mange at USA er på hell som økonomisk supermakt, og at eit raskt veksande Kina er på veg tilbake til sin gamle posisjon

I foredraget vil historikaren Terje Tvedt analysera forholdet mellom USA og Kina som eksempel på dei lange linjer i historia. Kva er dei avgjerande vilkåra og drivkreftene for den historiske utviklinga, for økonomisk og politisk styrke og for maktforhold mellom land?

Terje Tvedt er professor ved Institutt for geografi ved Universitetet i Bergen og professor II ved Universitetet i Oslo. Han har særleg vore oppteken av vatnet si betydning for den historiske utviklinga, og har fått ei rekkje prisar for formidlingsarbeidet sitt, i bokform og på film. Tvedt er også ein aktiv samfunnsdebattant, og har blant anna sett fram sterk kritikk av norsk bistandspolitikk og deltakinga i krigen i Libya. I 2020 gav han ut boka «Verdenshistorie – med fortiden som speil», der han dreg opp perspektiv frå dei første sivilisasjonane for 5000 år sidan og fram til i dag.

**********************
JSU sine møte startar kl. 11.00.
Du kan melda deg inn i JSU ved å gå inn på heimesida vår: www.jaeren-senioruniversitet.no Årskontingent kr 500,-. Dei som melder seg på til haustsemesteret betaler kr 250,- ut året.

Bli medlem!

Arkiv