Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

Semesterstart 29. august 2013

Semesterstart 29. august 2013

Torsdag 29. august kl. 11 er det semesterstart på JSU i Time bibliotek.

Førsteamanuensis Arnvid Lillehammer ved UiS vil halda foredrag. Tema: “Vardalar på Jæren – Ein reisande familie gjennom to hundre år”.
Arnvid Lillehammer er utdanna mag. art i nordisk arkeologi. Han har verka i mange år som førstekonservator ved Arkeologisk museum i Stavanger og som førsteamanuensis ved UiS. Han har arbeidd mykje med lokalhistorie og har ein omfattande produksjon med arkeologiske tema.

Temaet han skal ta føre seg er dei reisande, og kalla fant eller tater på folkemunne. Gjennom meir enn fem hundre år har dei reist rundt i Noreg og drive handverk og handel

. Den familien han skriv mest om, og som var den sentrale familien på Sørvestlandet, var vardalane. Dei kom til Rogaland og Jæren på 1700-talet. Lillehammer vil gi eit riss av soga deira med personhistoriar som døme fram til 1900-talet.

Han vil og koma inn på styrsesmaktene sitt forsøk på å busetja dei fast, eit initiativ som vart teke etter at teolog og samfunnsforskar Eilert Sundt i 1862 hadde publisert ein oversikt over desse reisane familiane. Fleira av dei vart buande på Jæren.

Bli medlem!

Arkiv