Jæren
Senior
Universitet

Jæren
Senior
Universitet

September: Ein smak av fugl!

September: Ein smak av fugl!

JSU ber inn til ein spanande månad der me er opptekne av fugl
.

1
. Ekskursjon til Revtangen.

Onsdag 20. september reiser me til fuglestasjonen på Revtangen. Her vil ornitolog Alf Tore Mjøs som til dagleg arbeider ved Stavanger Museum ta mot oss kl. 10.00 og orientere om arbeidet dei driv, og deretter syna fuglefangst og ringmerking i praksis.

Grunna få parkeringsplassar så må dei som vil vera med møta på Kinoplassen på Bryne litt før 09.30 slik at me kan organisera transporten med færrast mogeleg bilar.

2. Møte torsdag 28
. september: Ingvar Byrkjedal – Status for vipa på Jæren.

Vipa er sjølve symbolet for fuglelivet på Jæren. Familielivet til vipa er studert over lang tid og syner seg å vera litt komplisert. Nå ser me at talet på viper har minka dramatisk i heile Vest-Europa, også på Jæren
.  Føredraget vil ta opp levesettet og koma inn på bestandsutviklinga og mogelege årsaker til dette.

Ingvar Byrkjedal er førsteamanuensis ved UiB med forskning hovudsakeleg innan fugleåtferd. Han har studert vipa sitt familieliv på Jæren og andre artar både på høgfjellet og på arktisk tundra i Canada og Sibir
.

Bli medlem!

Arkiv