Torsdag 31. oktober kl. 1100 i Storsalen Time bibliotek
På tidspunktet for dette foredraget er det berre fem dagar igjen til det
amerikanske presidentvalet. I skrivande stund ligg det an til eit svært
jamt val.
Kan Trump verkeleg gjera comeback og få ein ny fireårsperiode i Det
kvite huset? Kven røystar på han, og kvifor gjer dei eigentleg det? Og
kvifor er det berre nokre få tusen røyster som avgjer valet i eit land
med over 300 millionar innbyggjarar?Sigrid Rege Gårdsvoll (f. 1987) frå Sola er journalist og kommentator i
avisa Vårt Land og for AmerikanskPolitikk.no. Ho har sidan 2020
kommentert amerikanske val for fleire norske medium. Gårdsvoll er
utdanna lærar og har også jobba med kommunikasjon i frivillige
organisasjonar og i Den norske kyrkja.
Foto: Erlend Berge