Eit lærerikt foredrag 28. november samla vel 100 tilhøyrarar.
Styret i JSU takkar alle medlemmer og alle foredragshaldarar for året som har gått, og ønskjer alle ei riktig God Jul!
Neste møte er torsdag 23.01. – som vanleg i biblioteket kl.11.
Førstekonsulent Sigbjørn Reime: «Arne Garborg og Jæren – eit band på godt og vondt.»
Sigbjørn Reime er lærarutdanna og tilsett i Time Kommune med ansvar for kulturvern, mellom anna Garborgheimen og Knudaheio. Han har modernisert og redigert bøker av og om Arne Garborg, og sjølv gitt ut ei samling av det Garborg skreiv i Knudaheio etter 1904.
Han vil snakka om Garborg si samtid, bakgrunn og oppvekst, og korleis det avspeglar seg i dei tre verka med tilknyting til heimtraktene: Bondestudentar, Fred og Haugtussa.