Jæren
Senior
Universitet

Tom Hetland: Kva skjedde med Garborg-familien i Amerika?

Tom Hetland: Kva skjedde med Garborg-familien i Amerika?

Torsdag 30. januar, kl. 11.00 i Storsalen, Time bibliotek, startar Jæren senioruniversitet opp vårsemesteret 2025 med eit foredrag av styreleiaren vår, som også er ein del av programmet for Garborgdagar. Vel møtt!

I 2025 markerer me 200-årsjubileet for den organiserte norske utvandringa til Amerika. Blant dei som emigrerte, var seks av søskena til Arne Garborg – tre søstrer og tre brør. I dag finst det nær 700 etterkomarar etter dei, spreidde i USA og Canada.
Våren 2024 reiste Tom Hetland på oppdrag frå Time historielag til Amerika for å gå opp spora etter søskenflokken. Målet var å skriva ein artikkel i årboka for historielaget. I foredraget fortel han om kva han fann, og om møte med etterkomarar som både hadde stor kunnskap, som hadde teke vare på mykje kjeldemateriale og som var stolte over å vera i slekt med forfattaren frå Norge.

Tom HetlandTom Hetland (fødd 1954) har vore journalist og redaktør, og er styreleiar i Jæren senioruniversitet. Han er utdanna historikar, og redigerer Årbok for Time historielag.

Bli medlem!

Arkiv