Torsdag 27. februar kl. 1100 i Storsalen, Time bibliotek
Kva slags mat bør me eta for å halda oss friske og spreke? Finst det mirakelkurar, eller er tradisjonelt norsk kosthald godt nok?
Kan me læra noko av idrettstoppane våre?
Desse spørsmåla er tema for foredraget til Torbjørg Haugen (f. 1960). Ho er utdanna kokk og har arbeidd på hotell, restaurantar og kafear, i tillegg til alders- og sjukeheimar. Ikkje minst laga ho i mange år mat til nokre av dei fremste norske idrettsutøvarane. Frå 1998 til 2011 var ho tilsett i Norges Skiforbund/Skiskyttarforbund, og frå 2011 til 2022 i Molde Fotballklubb, der Erling Braut Haaland spela før han tok steget ut i den store verda. Nå arbeider ho på Suleskard kafé i heimbygda Sirdal.Torbjørg Haugen er kjend som ein engasjerande og humørfylt formidlar, så her kan me venta oss både nyttige råd og gode historier frå livet blant idrettseliten.