Jæren
Senior
Universitet

Vårsemesteret

Vårsemesteret

Torsdag 13. januar var professor Torstein Jørgensen foredragshaldar.
Tema: Rogaland og Roma – Rogalandsbrev til Paven.


Torstein Jørgensen er professor i kyrkjehistorie ved Misjonshøgskolen i Stavanger og ved Senter for middelalderstudier ved Universitetet i Bergen. Etter djupdykk i Vatikanarkivet har han gitt ut to bøker: Brev til Paven – Norske forbindelser med Den hellige stol i senmiddelalderen og Synder og Pavemakt – Botsbrev fra Den norske kirkeprovins og Suderøyene til Pavestolen 1438-1531. Foredraget, som tok utgangspunkt i desse bøkene, samla 125 interesserte og engasjerte tilhøyrarar.

Torsdag 28. februar kl. 11 kjem lege Pål-Dag Line.
Tema: Organtransplantasjonar i Norge.

Pål-Dag Line er fødd (1960) og oppvaksen på Bryne. Han studerte medisin i Tyskland og i Oslo. Cand. med. i 1988 og medisinsk doktorgrad frå Universitetet i Oslo i 1996. Spesialist i generell kirurgi, karkirurgi og transplantasjonskirurgi. Han har arbeidd som  transplantasjonskirurg og karkirurg ved Rikshospitalet sidan 1995. Frå 2005-2010 var han leiar av Kirurgisk klinikk ved Rikshospitalewt.  Frå 2010 leiar for Avdeling for transplantasjonsmedisin ved Oslo universitetssykehus.

Ved alvorleg organsvikt er transplantasjon oftast den einaste behandlinga som kan sikra at pasienten kan leva vidare og ha utsikt til eit kvalitativt godt liv. Foredraget vil ta for seg litt om historikken til transplantasjonskirurgien i Noreg, deretter gå inn på korleis denne delen av medisinen vert praktisert i dag og til slutt handla om utviklingstrekk som mest sannsynleg kjem i tida framover.

Endringar i programmet for våren
Det er endringar i programmet for våren. For meir informasjon sjå under program i menyen, eller trykk her.

Bli medlem!

Arkiv