Informasjonskapslar
Informasjonskapslar (cookies) er små filer som ein nettstad lagrar i nettlesaren din. Denne nettstaden brukar ingen informasjonskapslar for besøkande.
Kva vi lagrar i nettlesaren din
Vi lagrar berre det som trengst for at ein funksjon du sjølv brukar, skal verka. Etter ekomloven treng vi då ikkje samtykke, og difor er det ikkje noko samtykkevindauge her.
- Hjartet på innlegga: Trykkjer du på hjartet, hugsar nettlesaren kva innlegg du har likt, slik at du kan ta likarklikket tilbake. Det vert lagra i nettlesaren din (local storage) og vert aldri sendt til oss.
- Innlogging for styret: Når styret loggar inn for å endra nettsida, lagrar nettlesaren innlogginga, og tekst dei skriv som ikkje er lagra enno, så han ikkje går tapt. Dette gjeld ikkje vanlege besøkande.
Det vi ikkje gjer
- Vi brukar ikkje sporing, annonsar eller analyseverktøy som kjenner deg att.
- Vi har ikkje knappar eller innhald frå Facebook, Google eller andre som set eigne informasjonskapslar.
- Har eit innlegg ein video frå YouTube eller Vimeo, vert han ikkje henta før du trykkjer «Spel av videoen». Først då kan YouTube eller Vimeo lagra informasjon i nettlesaren din, etter sine eigne reglar.
- Skrifttypane ligg på vår eigen server, så nettlesaren din kontaktar ikkje Google.
Talet på visingar av innlegga vert rekna ut på serveren og lagrar ingenting om deg.
Betaling med Vipps
Når du betaler, vert du send vidare til Vipps MobilePay. Der gjeld informasjonskapslane og personvernerklæringa til Vipps MobilePay.
Slik slettar du det som er lagra
Du kan sletta lagra data i innstillingane i nettlesaren din, under personvern eller nettstaddata. Då gløymer nettlesaren kva innlegg du har likt.
Les òg personvernerklæringa.